Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2018

Opningstider bibliotek og turistinformasjon

Bilde
I sommar er t uristinformasjonen i Skjåk samlokalisert med Skjåk folkebibliotek.  

Sommarles - ein digital lesekampanje

Bilde
Sommarles er ein digital lesekampanje. Du lagar  ein profil, registrerer alt du les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. Kampanjen varer frå1. juni til  31. august. Bli med da vel :) Kva kan du gjere på nettsida sommarles.no ? Registrere bøker og samle XP (poeng) Når du har registrert deg, kan du leggje inn bøker du har lest. Du får XP basert på antall sider i boka og kva for klassetrinn du er registrert med. Du kan registrere både bøker, lydbøker og teikneseriar. Du kan også registrere at du er blitt lest høgt for. Det er også andre aktivitetar på nettsida som du får XP for. Når du oppnår nok XP, kjem du til neste level.  Om du ikkje deltek digitalt, k an du levere lesekort som du får på biblioteket. Tene troféer Du får troféer for å lese bøker, svare på oppgåver og kodeord m.m. Lese årets Sommarlesforteljing Forfattar Mari Moen Holsve har laga ei spennande forteljing. Nytt kapittel blir lagt ut kvar veke gjennom sommaren. Du kan s

Opning av kunstutstilling og teaterframsyning ved Skjåk kulturskule

Bilde
Onsdag var det høgtidleg opning av den tradisjonelle kunstutstillinga av elevar ved "Visuell kunst - Skjåk kulturskule". Det var ordførar Elias Sperstad som fekk det ærefulle oppdraget med å klippe snora.  Elevar ved "Karusell kunst - Skjåk kulturskule" framførte dei to eventyra "Hønemor og dei tolv små kjuklingane" av Aslaug Høydal og "Eventyret om Grændisen" (ein ny versjon av "Eventyret om pannekaka"). Veldig flinke :) Du må ta deg ein tur for å sjå den fine utstillinga. Her er nokre bilete frå opninga Her ser du kulturskulelærar Runa og Tussi som kom i full fart med kunsten som skulle hengjast opp. Høgtidleg opning ved ordførar Elias Sperstad, Yosan og Ingrid. Publikum fekk fin servering. Kulturskulelærar Runa Aurmo sa nokre velvalde ord. Sina og Gea Aurora var med som skodespelarar. Her er Tussi. Kjekk kar :) Kom og sjå på kunstutstillinga du også. Idun Byre er ein av fleire flin