Sommarles - ein digital lesekampanje



Sommarles er ein digital lesekampanje. Du lagar  ein profil, registrerer alt du les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. Kampanjen varer frå1. juni til  31. august. Bli med da vel :)

Kva kan du gjere på nettsida sommarles.no?


Registrere bøker og samle XP (poeng)

Når du har registrert deg, kan du leggje inn bøker du har lest. Du får XP basert på antall sider i boka og kva for klassetrinn du er registrert med. Du kan registrere både bøker, lydbøker og teikneseriar. Du kan også registrere at du er blitt lest høgt for.

Det er også andre aktivitetar på nettsida som du får XP for. Når du oppnår nok XP, kjem du til neste level. 

Om du ikkje deltek digitalt, kan du levere lesekort som du får på biblioteket.

Tene troféer
Du får troféer for å lese bøker, svare på oppgåver og kodeord m.m.

Lese årets Sommarlesforteljing
Forfattar Mari Moen Holsve har laga ei spennande forteljing. Nytt kapittel blir lagt ut kvar veke gjennom sommaren. Du kan svare på oppgåver frå denne forteljinga. Her kan du også sanke XP.

Hente kodeord på biblioteket
Det er eit kodeord for kvart kapittel i Sommerlesforteljinga. Kodeordet blir hengt opp på biblioteket. 

Hente premiar på biblioteket
Når du kjem til level 10, 20 og 30 får du beskjed pr e-post om at du kan komme på biblioteket for å hente ein premie. Ved level 40 får du ikkje beskjed, men kom innom biblioteket, så får du ein premie da også. 

Saman med ein vaksen fyller du ut eit skjema på nettsida sommarles.no med m.a. e-post, passord, brukarnamn og klassetrinn.


Avslutningsfest for Sommarles

  • Skjåk folkebibliotek - fredag 7. september kl 17.30
  • Show - Vitensenteret på Gjøvik
  • Pizza og saft
  • Hovudpremien i Nord-Gudbrandsdalen er to iPadar som er sponsa av:

Bilderesultat for sparebank1 lom og skjåk logo


Her er Sommarlesvideoen:





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren