Opning av kunstutstilling og teaterframsyning ved Skjåk kulturskule
Onsdag var det høgtidleg opning av den tradisjonelle kunstutstillinga av elevar ved "Visuell kunst - Skjåk kulturskule". Det var ordførar Elias Sperstad som fekk det ærefulle oppdraget med å klippe snora.
Elevar ved "Karusell kunst - Skjåk kulturskule" framførte dei to eventyra "Hønemor og dei tolv små kjuklingane" av Aslaug Høydal og "Eventyret om Grændisen" (ein ny versjon av "Eventyret om pannekaka"). Veldig flinke :)
Du må ta deg ein tur for å sjå den fine utstillinga.
Elevar ved "Karusell kunst - Skjåk kulturskule" framførte dei to eventyra "Hønemor og dei tolv små kjuklingane" av Aslaug Høydal og "Eventyret om Grændisen" (ein ny versjon av "Eventyret om pannekaka"). Veldig flinke :)
Du må ta deg ein tur for å sjå den fine utstillinga.
Her er nokre bilete frå opninga
Her ser du kulturskulelærar Runa og Tussi som kom i full fart med kunsten som skulle hengjast opp. |
![]() |
Høgtidleg opning ved ordførar Elias Sperstad, Yosan og Ingrid. |
Publikum fekk fin servering. |
![]() |
Kulturskulelærar Runa Aurmo sa nokre velvalde ord. |
Sina og Gea Aurora var med som skodespelarar. |
Her er Tussi. |
Kjekk kar :) |
Kom og sjå på kunstutstillinga du også. |
![]() |
Idun Byre er ein av fleire flinke kunstnarar. |
Her er eit fint måleri av Tea Gustavsen Rakstad. Kom og sjå på kunstutstillinga du også. |
Kom og sjå på kunstutstillinga du også. |
Fine sjølvportrett |
![]() |
Lina Byre er ein av fleire flinke kunstnarar. |
![]() |
Ordførar Elias Sperstad var med og dansa fugledansen etter framføringa av "Hønemor og dei tolv små kjuklingane" av Aslaug Høydal. |
![]() |
Her ser du Sina og Ida i "Eventyret om Grændisen". |
Her ser du karusellgruppa som framførte "Hønemor og dei tolv små kjuklingane" av Aslaug Høydal og "Eventyret om Grændisen". Dei song også fleire fine songar. |
Magnus Lilleengen var med og spelte gitar saman med elevar frå "Karusell kunst" |
Vi hadde "parlaus" god sommartemperatur inne på biblioteket. |
Her ser du fin kunst laga av kulturskuleelevar i skjønn foreining med eit bilete av Jan-Magnus Bruheim som er måla av kunstnaren Ida Sperstad. |
Kommentarer
Legg inn en kommentar