Bienes hemmelige liv




av Sue Monk Kidd


Handlinga går føre seg i Amerika på den tida da svarte og kvite ikkje hadde like rettar. 14 år gamle Lily Owens bur aleine med sin inneslutta far på ein ferskengard.
I 10 år har Lily levd i den trua om at ho har drepe det menneske ho elska mest her på jorda, nemleg mora. Det einaste handfaste ho har etter mor si er ei lita eske med nokre få av hennar eigendelar: eit fotografi, eit par kvite hanskar og eit bilete av ei svart madonna. Desse vil etter kvart vil få stor betyding for Lily. Dagane ber preg av eit konstant sakn etter ho. Det tragiske dødsfallet har gjort faren bitter og han viser liten interesse for dotter si. Den dagen Lily si svarte barnepike, Rosaleen, blir sett i fengsel, bestemmer Lily seg for at det er på tide å rømme. Ho rømmer frå far sin og frigjer Rosaleen frå fengselet. Dei endar i småbyen Tiburon kor ein spesiell honning blir produsert, den har bilete av ei sort madonna på krukkene. Lily hugsar bilete frå mora si eske. Dette bilete leiar ho til ein biefarm kor tre fagre og vedunderlege systrer lever saman. I dette varme kvinnefellesskapet finn Lily kjærleik, tryggleik og svar på fortidas gåter. Bilete av mora trer tydligare fram, men kanskje ikkje slik ho hadde håpa. Boka er også filmatisert. Vi har både boka, lydboka og filmen. Boka kom ut på norsk i 2005.



- Sjekk om lydboka er inne her.

Ei bok som er verdt å lese!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede