Intimkonsert på biblioteket

Med bokhylla som seneteppe og levande ljos (samt ein god gløgg i pausa), fekk vi ein stemningsfull konsert på biblioteket onsdag kveld. Tom Roger sine Dylan-gjendiktingar har på kort tid blitt lagt merke til. Aadland haustar ros frå mange hald for sitt modige prosjekt - å tolka, oversetja og gjendikta Bob Dylan sitt store "skilsmissealbum", "Blood on the tracks", frå 1975. Blod på spora er lagt opp kronologisk som på originalversjonen. Det heile starta med "Vikla inn i blått" som naturlegvis er "Tangled up in blue". "Simple twist of faith" er "Lagnaden sin vri", mens "You're a big girl now" naturlegvis har blitt til "Stor jente nå". Nynorsk er eit poetisk og songbart språk med ein sterk lyrisk tradisjon. I arbeidet med å gjendikta songane, har Tom Roger Aadland lagt vekt på å halde seg nær originalen når det gjeld val av ord, fraser og tydingar, samstundes har han vore opptatt av at dei norske versjonane skal kunne stå på eigne bein både på plate og konsert. Han har planar om fleire oversettingar, og mange var einige om at då ynskjer vi ein ny konsert her i Skjåk.
Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren