Magnhild Bruheim

. Krim og spenning for ungdom og vaksne Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho er forfattar og journalist, og dessutan niesa til Jan-Magnus Bruheim. Ho har mellom anna skrive fleire romanar i sjangeren bygdekrim og spenningsromanar for ungdom. Ho debuterte med kriminalromanen Varselet (1997), som tek utgangspunkt i skremmande ting frå hennar eigen oppvekst i Skjåk i sekstiåra. Debuten gav meirsmak og etter kvart kom Maskerade (1999), Utan englevakt (2000), Svart arv (2001) og Dragsug (2002). Ho har og skrive tre spenningsbøker for ungdom, Ny melding (2003), Venneringen (2007), desse to har vi skrive om tidlegare på bloggen vår for barne- og ungdomsbøker, den aller nyaste boka hennar for ungdom kom ut denne veka , På flukt (2010). Vi har bøkene hennar på biblioteket. Les ei god Magnhildbok På flukt . Ny ungdomsbok for ungdom om tvangsekteskap og æresdrap Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver ...