Hypnotisøren

.
av Lars Kepler


Utruleg spennande

15 år gamle Josef ligg på sjukehuset hardt skada og hardt traumatisert. Familien hans er utsletta etter eit usedvanleg rått massedrap. Har han sett mordarens ansikt? Kan hypnose få han til å hugse den grufulle hendinga?
Det er ein reinhaldar som finn Josef sin far, knivstukken og delvis partert i skulen sitt idrettsanlegg. Politiet dreg heim til Josef sin familie, og møtar her eit nytt blodbad. Familien er slakta, den lille dottera og mora er partert, men Josef på 15 år overlever så vidt. Det visar seg at det er eit familiemedlem til, og ho har unnsluppe tragedia, nemleg dottera Evelyn på 23 år. Men kor er ho? Ho er som sunke i jorda, og politiet fryktar for livet hennar.

Psykologen Erik Maria Bark har lagt hypnosa på hylla for mange år sidan, men gjer denne gongen eit unntak for å redde liv etter det grufulle massedrapet. Det skal vise seg å bli farleg både for ham sjølv og hans nærmaste. Det han får høyre av hypnotiserte Josef  er mildt sagt overraskande og sender etterforskninga i ei heilt ny retning. Saman med politietterforskaren Joona Linna fylgjer vi oppklaringa av eit tosifra antall drap. Ikkje minst kjem Bark sin eigen familie og fortid som hypnosebehandlar til å stå sentralt. Både forholdet til kona og familiens sikkerheit blir satt på spel.

Det heile heng meget godt saman, er uforutsigbart og så spennande at det er vanskeleg å leggje frå seg boka når man først har starta, boka er litt "Stieg Larssonaktig". Utruleg spennande!

Hypnotisøren er første bok i ein serie. Joona Linna kommer til å ha ei enda større rolle i bok nummer to, som snart er klar. Det er planlagt fleire bøker i serien.

Bak pseudonymet Lars Kepler skjular ekteparet Alexandra Coelho Ahndoril og Alexander Ahndoril seg.



Coveret på boka er varmesensitivt og har skjulte meldingar. Berre sjå her:






Les intervju med forfattarane her :)

Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede