Saras nøkkel

av Tatiana de Rosnay

Ei sterk og dramatisk historie - fengslande fortalt

Vi er i Paris i juli 1942. Sara, ei 10 år snartenkt jødisk jente gøymer den yngre bror sin ved å låse han inne i eit skåp i leiligheita kor dei bur. Sara skjønar nemleg at noko grusomt er i ferd med å skje. Berre minuttar seinare blir familien arrestert på brutalt vis av det franske politiet, under den berykta jødearrestasjonen, Vel’d’Hiv. Sara har lova bror sin at ho snart skal hente han, ho gøymer nøkkelen og er overbevist om at ho snart er heime for å låse ut  bror sin om nokre timar… Men timar blir til døgn, og Sara sin desperasjon blir større og større.

Det er to parallelle historier som blir fortalt. 60 år seinare, i forkant av minnedagen for Vel' d'Hiv, får den amerikanske journalisten Julia Jarmond eit oppdrag om å skrive ein artikkel om den svarte dagen i Frankrike si historie. Ho snublar etter kvart over Sara si historie og blir nærast besatt. Julia blir overbevist om ho må avdekke denne hendinga og finne ut kva som hendte med Sara og familien hennar. Samtidig pussar ho opp leilegheita til svigermor si, som viser seg å ha tilhøyrt ein jødisk familie som plutseleg forsvann i 1942. Det visar seg at Julia sin svigerfamilie spelar ei rolle i historia, noko som fører til stridigheiter i den fornemme familien.

På ein nær og spennande måte klarer Tatiana de Rosnay å fortelje om ei nærast gløymd og mørk historie. Om då det franske politiet, som på eige initiativ, arresterte 4115 born og skilde dei frå mødrene sine med bøtter av kaldvatn. Om då hussøkjande franskmenn overtok ledig husvære utan å stille spørsmål om kven og kvifor.

Som det står i romanen : ”Husk. Gløym aldri”.

God bok!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede