"Kom aldri nærmere" av Sondre Midthun

Det er seinsommar. Far, mor, son og hunden Eyolf er samla på hytta. Sistnemnde får alt her ein sentral plass i det som etterkvart liknar ein stilstudie i familie-uhygge, for bak idyllen er farens myrke sinn i ferd med å utslette familien.

Dette er ei bok om eit komplisert far/son forhold og ein uberegneleg og kanskje schizofren far. Boka startar med at faren drukner sonen sin elskelege hund. Ein hund som han har hatt så lengje han kan huske.Vi ser verda gjennom guten sine auge og vi får skildringar av ein vond barndom. Faren vil vere kamerat med guten når det passar han, samtidig er guten veldig redd han. Faren prøver å overbevise sonen om at den sjuke mora berre er innbilt sjuk. Ho døyr tidleg. Guten kan ikkje gløyme hunden. Om nettene syklar han til tjernet der hunden drukna. Han kan ikkje fatte at den er borte. Bestekompisen Gustav og hans lune familie blir eit motstykke til den terroren som pregar hans eigen heim, og vi får eit hjarteskjerande bilete av eit forsømt barn. Ikkje minst er dette ein roman om dei nedbrytande kreftene det rommar, og prisen for å veksa opp i ein kjærleikslaus heim

Etter barndomsskildringane kjem ein slutt der guten kjem attende til faren for å ta eit oppgjer etter mange år utan kontakt.

Eit enkelt og nydeleg språk gjer boka til ei leseroppleving. Vonde ting blir ikkje ”utbrodert” , men sagt på ein fin måte.

Sjekk om boka er inne her :)

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren