Tips til påskekrim

Nattskrik av Magnhild Bruheim (2008)
I kriminalromanen Nattskrik blir ei ung kvinne sporlaust borte. Etter ein omfattande leiteaksjon blir ho funne drepen i eit skogsområde. Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent ved Gudbrandsdal politidistrikt, Hans Velid, blir drege inn i drapsetterforskinga. Hans Velid reiser til Sota Sæter for å sjå ei amatørteatergruppe sette opp eit stykke. Det er dottera Tuva som har oppfordra han til å komme, Tuva er journalist og skal skrive ei omtale av framsyninga. Det tek ikkje lang tid før det skjer eit mord på Sota, det er hovudrolleinnehavaren som blir funnen drepen. Med stødig hand tek Velid kontroll over etterforskinga og sakte men sikkert nærmar dei seg sanninga om drapsofferet og miljøet rundt henne. Tuva Velid gjer sine eigne undersøkingar. Gjennom Facebook finn ho fram til fleire av vennene til Line, og det fører henne også til ei nettside for folk som dyrkar natta og mørkret. 

Flaskepost frå P av Jussi Adler-Olsen (2011)
Ein flaskepost med mareritt - utrulig spennande. I den tredje boka om Avdeling Q får etterforskar Carl Mørck overlevert ein gammal flaskepost. Etter kvart som han og assistenten Assad får tyda stadig meir av brevet i flaska, går det opp for dei at to gutar vart bortførde ein gong på 90-talet. Men kven er dei, og kvifor har ikkje foreldra meldt dei sakna? Og kva har skjedd med dei? Carl og Assad blir trekt lengre og lengre inn i ein beregnande og følelseskald kidnappar sitt nett ...
Fasandreperne av Jussi Adler-Olsen (2010)
I 1987 blir eit ungt syskenpar brutalt drepne i eit sommarhus. Etterforskninga peiker mot ei gruppe kostskuleelevar som kjem frå nokre av Danmark sine rikaste familiar. I mangel av bevis henleggjast saka. Men ni år etter melder ein av dei mistenkte seg og tilstår.
Kriminalinspektør Carl Mørck, leiar for politiets Avdeling Q for uløyste saker, forstår difor ikkje kvifor saksmappa ein dag ligg på skrivebordet hans. Mørck er overbevist om at den må ha havna der ved ei feiltaking. Men når han og assistenten Assad startar å grave litt, oppdagar dei at noko er veldig galt.
Saka skal vise seg å trekkje liner frå posedama Kimmie til tre av landet sine mektigaste menn. Dei tre leitar desperat etter ho, fordi ho veit noko som kan knuse dei. Men Kimmie har sine eigne planar for kven som skal jakte kven.

Fjerde bok i den nervepirrande thriller-serien om Avdeling Q (2012)
Inntil for omlag 40 år sidan vart utilpassa eller uheldige danske kvinner deportert til ei lita øy kor torturlignande metoder vart nytta for å holde orden. Hit kom Nete Hermansen, og herfra unnslapp ho òg. Trudde ho. Den dagen fortida innhenta ho blir starten på ei av Avdeling Q sine mest kompliserte saker. Kva gøymer fortida til Nete Hermansen? Kor forsvant menneska omkring ho? Og kven stod bak...
Ildvitnet av Lars Kepler (2012)
Boka startar i eit ungdomshjem, Birgittagården, ein institusjon for unge jenter som slit med ulike blandingar av åtferd, stoff og psykiske problemer. Dei har eit kyndig personale kring seg, stedet er ikkje lukka i vanleg forstand. Nattevakta er kvilande. Jentene kan altså komme seg ut. Dermed kan òg andre komme seg inn, om natta...
Mordaren kom seg inn – eller var han/ho inne? Ei av jentene, Miranda, tas av dage i eit skrekkeleg blodbad, sjukepleiaren på nattevakt lir samme skjebne...
Engelmakersken av Camilla Läckberg (2012)
Påska 1974. Ein familie forsvinn sporlaust frå øya Valö utanfor Fjällbacka. Middagsbordet er sirlig dekka, men alle, bortsett frå ettåringen Ebba, er borte. Er dei ofre for noko kriminelt, eller har dei forsvunne frivillig?
Gåta blir aldri løyst.
Mange år seinare kjem Ebba tilbake til øya og huset der far hennar har styrt ein internatskule med jernhand. Ho og mannen hennar, Mårten, har nettopp mista sin tre år gamle son, og i eit forsøk på å komme over sorgen har dei bestemt seg for å pusse opp det gamle huset og starte ein liten Bed and Breakfast.
Men like før dei får etablert seg, er det nokon som prøver å tenne på huset. Og da dei byrjar å fjerne golvplankane i spisestua, finn dei storkna blod under....


Nådens omkrets av Jørgen Brekke (2011)
1528 gjer ein ung, fransiskanermunk eit kort opphald i Bergen før han dreg nordover. Med seg frå byen tek han eit utval knivar og eit ubehandla skinn.
Nesten fem hundre år seinare dukkar det opp eit flådd lik på eit museum i Richmond, Virginia, og eit til i Trondheim. Begge drapa ser ut til å ha ein samanheng med Johannesboka, ei gammal tekst skrive på pergament.
Det er vakta Jon Vatten som gjer det grufulle funnet i Gunnerusbiblioteket i Trondheim. Ein av bibliotekarane er myrda på bestialsk vis, hovudet er hugga av, huda på liket er fjerna frå overkroppen. For Jon Vatten er mordet ei katastrofe. Han var den siste som såg bibliotekaren i live, dei delte ei flaske vin, og han hugsar ikkje kva som skjedde.
Ein gammal bokrygg som er trukke i menneskeskinn. Ei filosofisk læresetning som går att gjennom verdshistoria. Mord begått på kvar si side av kloda. Samanhengen er meir skremmande enn du kan tenkje deg ...

Drømmeløs av Jørgen Brekke (2012)
Ei 250 år gamal vuggevise som bringer evig søvn - ein draum verdt å drepe for.

I 1767 rømmer ein fattig visesongar frå Stockholm etter å ha fornærma dottera til ein av byen sine mektige menn. Same år finn den fordrukne og kranglete politimeisteren Nils Bayer eit nakent mannslik i fjæresteinane utanfor Trondheim.
Vinteren 2011 blir ei ung kvinne funne drept på Kuhaugen i samme by. Drapsmannen har fjerna strupehovudet til offeret, og ei speledåse med ein ukjent melodi er plassert på kvinna sitt bryst. Så forsvinn ei ung jente på seksten år frå heimen sin, og etterforskar Odd Singsaker fryktar at dei berre har kort tid på seg før ho òg blir eit offer for mannen med spilledåsene.
Hendingane er adskilt i tid med nesten 250 år. Men ein ting ser ut til å knytte sakene saman: den spinkle melodien frå spilledåsa...

Elles har vi fleire nyheiter - ta ein kikk i katalogen vår på nettet her :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede