Lokale forfattarar

Jan-Magnus Bruheim og Olav Øygard

I sommar er det to arrangement i Skjåk som set fokus på dei lokale forfattarane Jan-Magnus Bruheim og Olav Øygard. Begge arrangementa skal gå føre seg under Diktardagar 2013.



Olav Øygard - dikt med någå attåt

Det fyrste arrangementet er ein konsert i Grimstadøygard laurdag 3. august kl 18. Finn Sandum er konferansier og diktlesar. Elles er det song og musikk med eigenkomponerte melodiar ved Geir Byre, gruppa "Bygdafolk" og Mari Eide Lindsheim.

"Småe folk kan magte
mangt eit kjempeverk,
når dei berre lærer:
Samhald gjerer sterk!"

Olav Øygard
 Frå diktet "Samhald" i boka Vårsong (2010)










Diktarstigen

Det andre arrangementet er opning av Diktarstigen til Jan-Magnus Bruheim på Billingen. Diktarstigen er eit spennande prosjekt  og samarbeid mellom Bruheim-nemda og Breheimen Nasjonalparkstyre. Stigen har åtte tavler med sitat av Jan-Magnus på nynorsk, engelsk, tysk og fransk. Stigen ligg i eit område som heiter Billingen. Området kan vere ein inngangsport til nasjonalparkane Breheimen, Reinheimen og Honnsrøve naturreservat.
Opninga av stigen skal gå føre seg under Diktardagar 2013, nærmare bestemt sundag 4. august kl 13. Det vil bli underhaldning og servering.


"Å vakne til ein ny dag er
som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld,
og kvar gong er det like spanande å opne ho"

Jan-Magnus Bruheim
Bok: Spegelbrot (1990)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren