Bowling i biblioteket Spel er kultur No kan du spele TV-spel i biblioteket. Vi har i fyrste omgang kjøpt inn ein Nintendo Wii med Super Mario Galaxy 2, Harry Potter, Wii Sports og Wii Sports resort. Det er òg akuelt å kjøpe inn andre typar konsollar. Med St. meld. nr 14 (2007-2008) "Dataspill" fekk dette mediet si eiga stortingsmelding kor det vart slått fast at dataspel er kultur, og skal behandlast på lik linje med andre kulturuttrykk, som f. eks litteratur, film og musikk. Biblioteka er både ein møtestad og ein kunnskapsplass – det flotte er at dei framleis er det for alle. Dei som leser skjønnlitterære bøker, dei som helst vil lese leksikon, dei som leser lydbøker, dei som leser filmar og dei som leser på skjermen. Pil og boge Fulltreffer? Bilblioteka har alltid vore flinke til å omstille seg, og til å omfavne nye medier. Tenk berre på internett, og motstanden mot dette i byringa. I dag er det utenkele...
Er du på leiting etter ei hyggeleg høgtlesingsbok? Da må du lese om dei tre "vanlege" ungane som blir superheltar om natta. Dette er ei fin kvardagsskildring av Rune, Atle og Åse, men også dei tre andre gutane som saboterer hyttebygginga til dei fyrstnemnde. Rune (Brune) I boka "Brune" møter vi Rune og familien som har flytta for å bu nærare Bestefar. Men ein dag dør bestefar. Rune saknar bestefar og nokre gonger finn han bestefaren sitjande på ein stein i skogbrynet. Når det skjer, har dei koselege samtaler der Rune hentar styrke og støtte. Brune og Atle er venner og har bygd ei hytte i skogen som dei har bestemt at dei skal måle brun. Men så… hytta blir ramponert av prestesonen Anton og kompisen hans Ruben. Og der har vi motivasjonen bak Brunes eksistens. Rune lagar ei superheltdrakt, og når det blir svarte natta, tek han si hevn over gutane ved å måle ein av syklane deira brun. Neste natt får han selskap av Svartle (Atle) som også har noko ug...
Kommentarer
Legg inn en kommentar