Bli med på lesekonkurranse i sommar
![]() |
Bilete er frå eit tidlegare år med Sommar + Bok i Skjåk. Foto: Sigrun Eide |
Ein fin årleg tradisjon
Biblioteka i Norddalen inviterer også i år alle elevane i grunnskulen til lesekonkurranse i sommarferien. Oppgåva er å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere skjemaet attende til biblioteket innan 8. september 2016. Kvart år har vi ei spennande avslutning med underhaldning og god servering. Det vankar også fine premiar. Hovudpremien er ein iPad som er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk, i tillegg har vi fleire mindre premiar.Vedlikehald av leseferdigheiter
Lesekonkurransen er ein super måte å vedlikehalde leseferdigheitene barna har tileigna seg i løpet av skuleåret.
Godt poeng :)
Alle har har godt av å bli lese for, å ha eit fang å sitje på og å vere trygg. Det bidreg SOMMAR + BOK til. For dei som les sjølve har vi bøker tilpassa alle nivå, slik at barna kan oppleve meistring når dei les. Heile poenget med SOMMAR + BOK er å motivere fleire til å lese meir.Du kan levere skjema frå 1. juni – 8. september. Bli med da vel!
Kommentarer
Legg inn en kommentar