Boktips - "Amerika"

av Gro Dahle

Amerika er ei novellesamling som handlar om ein liten familie som flytter til Amerika på 60-talet der faren har fått seg arbeid. Det er mor, far og dottera Åse. Dei har med seg ei sorg til det nye landet.  Ein bror er død. Tapet av ein son og av ein bror pregar livet deira. Han er der liksom, men dei pratar aldri om han. Det er misforståingar og knutar i magen og i tankane.

Åse er forteljaren og alt blir sett og opplevd gjennom ho. Ho kan vere glad og plutselig bli sint. Ho blir den slemme jenta som græt tilsynelatande utan grunn. Endringar i foreldras humør kan bli til eit jordskjelv for Åse.

Novellene handlar om einsemd, sorg og desperasjon. Om å vere ung og i opposisjon til foreldra, om sinne og forsøk på vennskap. Amerika er symbolet på ein ny sjanse i eit nytt land.

Forfattaren budde nokre år av oppveksten i USA og ting ho har opplevd har ho nok teke med seg i novellene. Ho beskriv godt korleis det er å vere barn. Dei 20 novellene heng saman i tid og rom og kan lesast som ei forteljing. Gro Dahle debuterte i 1987. Ho skriv for barn og vaksne. Amerika (2015)  er hennar tredje novellesamling.

God bok frå Hanne :)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede