Sommarles 2017

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles 2017.


Leselystaksjon

Sommarles er ein nasjonal leselystkampanje som gjer lesing enno litt kjekkare. For kvar bok du les og registrerer på sommarles.no, får du XP (poeng), og går etter kvart opp i level.


All lesing blir rekna med og gjev poeng

Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du konkurrerer nemleg først og fremst med deg sjølv. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller kanskje nokon kan lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg poeng. Og sjølvsagt har vi premiar. Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles er ein nettbasert kampanje

På nettsida sommarles.no kan du lage din eigen profil, registrere bøker, få lesetips, løyse oppgåver og fylgje med på kva vennene dine les. Her får du også tilgang til ei superspennande fantasyforteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve.

Har du ikkje nett?

Har du ikkje nettilgang, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass . Da er det berre å stikke innom
biblioteket for å få hjelp med det.

Ta turen innom sommarles.no for meir informasjon – eller besøk ditt lokale bibliotek!

Avslutning med trylleshow

Vi avsluttar lesekampanjen fredag 15. september med premieutdeling og trylleshow med Erik Mogeno. Vi samarbeider med Norddalsbiblioteka om dei gjeve hovudpremiane som er to iPadar som er sponsa av SpareBank1 Lom og Skjåk.





(Mogeno kjem på alle Norddalsbiblioteka).


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede