Gratis e-bøker, aviser, musikk, film, og magasin

Med eit nasjonalt lånekort er biblioteket alltid ope.




eBokBib

Ebok-appen eBokBib gir deg alle funksjonar du treng for å låne og lese e-bøker gratis.

Filmbib

I Filmbib kan du sjå kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, og eit utval filmar som går attende i tid. Det finst ein app for denne tenesta.

PressReader

PressReader gir deg tilgang til ei mengde norske og utanlandske aviser og tidsskrift, som du kan laste ned til smarttelefonen eller nettbrettet ditt og lese når du vil. Det finst ein app for denne tenesta.

Naxos

Her får du tilgang til over 100 000 cd-ar og 1 500 000 lydspor med musikk, mest innan klassisk musikk, men også jazz, pop, rock og blues. Det finst ein app for denne tenesta.


Digitale bibliotek

Alle folkebiblioteka i Oppland har altså, i tillegg til dei fyskiske biblioteklokalene, eit digitalt tilbod på internett.

Med eit nasjonalt lånekort, som er registrert på eit bibliotek i fylket, kan du heile døgnet låne e-bøker, sjå filmar på Filmbib og høyre på musikk frå Naxos frå heime, på hytta eller på ferie i utlandet.

PressReader tilbyr 7 dagar med gratis tilgang også utanfor biblioteket. Du kan laste ned så mange aviser du vil når du er kobla til inernett. Avisene som er lasta ned, vil vere tilgjengelege også når du ikkje er kobla til nettet.

Det digitale bibliotektilbodet er gratis og til fri bruk for alle med med nasjonalt lånekort registrert i Oppland. Du treng også ein pinkode, som du får ved å kontakte ditt lokale bibliotek.

Det digitale tilbodet administrerast av Oppland fylkesbibliotek.

Brosjyre for dei digitale tenestene

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Datakurs i Skjåk