Levi Henriksen avrunda Vinterles

Lesekonkurransen Vinterles

Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har i vintermånadane hatt ein felles leselystaksjon/lesekonkurranse for vaksne. Oppgåva var å lese minst 5 bøker. Alle deltakarane har fått kvart sitt krus som er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk og biblioteka. I Skjåk var det Else Hove Hyrve som vann den lokale premien. Årets hovudpremie gjekk til Dag Ivar Mortensen frå Vågå. Hovudpremien var i år to gjennomgansbillettar til Dansefestivalen på Sel til ein verdi av kr 3 200,-, sponsa av Dansefestivalen.

Totalt var 313 deltakarar med, og til saman las dei 2 410 bøker. Det er jammen bra lese!

Bibliotekturné

Som avslutning på konkurransen bestilte vi forfattaren og musikaren Levi Henriksen til ein bibliotekturné. Han las frå fleire av bøkene sine før han runda av med fin song og musikk.



Levi Henriksen er ein god formidlar

Else Hove Hyrve vann den lokale premien, ei bok av Levi Henriksen.
Frå venstre: Else Hove Hyrve, biblioteksjef Hanne Gran og Levi Henriksen

Ein filmsnutt frå Skjåk

Levi Henriksen er ikkje berre god til å skrive bøker, han er også ein habil musikar. Her er ein liten filmsnutt frå besøket i Skjåk:



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren