Sommarles er ein digital lesekampanje. Du lagar ein profil, registrerer alt du les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. Kampanjen varer frå1. juni til 31. august. Bli med da vel :) Kva kan du gjere på nettsida sommarles.no ? Registrere bøker og samle XP (poeng) Når du har registrert deg, kan du leggje inn bøker du har lest. Du får XP basert på antall sider i boka og kva for klassetrinn du er registrert med. Du kan registrere både bøker, lydbøker og teikneseriar. Du kan også registrere at du er blitt lest høgt for. Det er også andre aktivitetar på nettsida som du får XP for. Når du oppnår nok XP, kjem du til neste level. Om du ikkje deltek digitalt, k an du levere lesekort som du får på biblioteket. Tene troféer Du får troféer for å lese bøker, svare på oppgåver og kodeord m.m. Lese årets Sommarlesforteljing Forfattar Mari Moen Holsve har laga ei spennande forteljing. Nytt kapittel blir lagt ut kvar veke gjennom...