Meirope bibliotek i Skjåk

Vi utvidar tilbodet vårt med meirope bibliotek frå 17. mars 2022.

Meirope gjer det enklare å bruke biblioteket når det passar deg, du vil nemleg få tilgang til biblioteket kvar dag frå kl. 07.00-22.00.

At biblioteket er meirope vil seie at du kan bruke biblioteket også utanom bemanna opningstid. Lånekortet ditt vil fungere som nøkkelkort og du må bruke lånekortet for å låne.

Du kan nytte møterom, lese aviser, låne bøker og filmar samt bruke pc. Alle lån og innleveringar gjer du på ein automat. Vi tilbyr også gratis kaffi frå kaffimaskina vår.

Korleis få tilgang?
For å få tilgang til meirope bibliotek må du ta kontakt med bibliotekpersonalet for rettleiing og informasjon. Du må også skrive under på ein kontrakt med biblioteket og få oppgradert lånekortet ditt til tilgangskort. Tilbodet er gratis og gjeld for alle over 15 år. Personar mellom 15 – 18 år må ha underskrift frå ein føresett.

Du kan ikkje sleppe inn andre enn deg sjølv, med unntak av eigne barn.

Vi kjem sjølvsagt til å fortsetje med dei vanlege opningstidene våre.

Barneavdelinga ved Skjåk folkebibliotek
Barneavdelinga ved Skjåk folkebibliotek


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede