93 ungar er med på Sommarles i Skjåk

Vi har plass til fleire:)

Gjer som Lina, Eilev, Andreas og Henrik - bli med du også! Kampanjen varer heilt til 31. august.

Sommarles.no

Den nasjonale og digitale lesekampanjen Sommarles.no er altså i full gang. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 120 000 ungar.
Målet med kampanjen er å motivere ungane til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Undervegs er det mange fine premiar å hente. I september blir det heile avslutta med show og fest.



Andreas og Henrik Lien Dijkstra er med på "Sommarles". Foto: Sigrun Eide

Boktips frå Andreas og Henrik
Andreas likar boka "Verdens verste barn" medan storebror Henrik anbefaler serien "Kattekrigerne".


Lina og Eilev Eiesar er med på "Sommarles". Foto: Sigrun Eide
Boktips frå Lina og Eilev
Lina likar bøker om dyr og Eilev har lånt boka "Den store prompekonkurransen".

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Les om superheltane Brune, Svartle og Blåse av Håkon Øvreås

Datakurs i Skjåk