Velkomen til Skjåk folkebibliotek

Debesay, Jean-Claude og Majdi I dag har vi hatt besøk av ein triveleg gjeng som kjem frå Eritrea, Sudan, Kongo, Etiopia og Filippinene - og som har til felles at dei byrja på norskopplæring i Skjåk hausten 2016. Ein viktig møteplass Til dagleg får dei norskundervisning med Marie Jeanette Helgesen og Rannveig Stamstad. Dei har klasserom i bygget til Skjåk Energi. I dag ynskte dei ei omvisning og informasjon om biblioteket. Biblioteket blir flittig brukt og er ein viktig møteplass. Her låner dei bøker, lydbøker, filmar, leser aviser, brukar internett, studerer norsk og treffer andre. - Eg skulle ynskt biblioteket var ope kvar kveld, seier Majdi. Først hadde vi eit informasjonsmøte i kommunestyresalen. Deretter synte vi fram studiesenteret kor vi har 12 datamaskiner til utlån. Vi var innom lokalsamlinga (...her sjekka vi hårsveisen på nyklypte Svein Wassæther, det viste seg nemleg at det var eit par frisørar i gruppa), vi synte fram alle mediene vi har til utlån, vi var ...