23. feb. 2012

"Kom aldri nærmere" av Sondre Midthun

Det er seinsommar. Far, mor, son og hunden Eyolf er samla på hytta. Sistnemnde får alt her ein sentral plass i det som etterkvart liknar ein stilstudie i familie-uhygge, for bak idyllen er farens myrke sinn i ferd med å utslette familien.

Dette er ei bok om eit komplisert far/son forhold og ein uberegneleg og kanskje schizofren far. Boka startar med at faren drukner sonen sin elskelege hund. Ein hund som han har hatt så lengje han kan huske.Vi ser verda gjennom guten sine auge og vi får skildringar av ein vond barndom. Faren vil vere kamerat med guten når det passar han, samtidig er guten veldig redd han. Faren prøver å overbevise sonen om at den sjuke mora berre er innbilt sjuk. Ho døyr tidleg. Guten kan ikkje gløyme hunden. Om nettene syklar han til tjernet der hunden drukna. Han kan ikkje fatte at den er borte. Bestekompisen Gustav og hans lune familie blir eit motstykke til den terroren som pregar hans eigen heim, og vi får eit hjarteskjerande bilete av eit forsømt barn. Ikkje minst er dette ein roman om dei nedbrytande kreftene det rommar, og prisen for å veksa opp i ein kjærleikslaus heim

Etter barndomsskildringane kjem ein slutt der guten kjem attende til faren for å ta eit oppgjer etter mange år utan kontakt.

Eit enkelt og nydeleg språk gjer boka til ei leseroppleving. Vonde ting blir ikkje ”utbrodert” , men sagt på ein fin måte.

Sjekk om boka er inne her :)

14. feb. 2012

Stig Sæterbakken

Sjekk om boka er inne
P2-lyttarane sin romanpris

Juryen var samstemde da dei kåra den nyleg avdøde Stig Sæterbakken sin roman "Gjennom natten" til vinnar. Med fem av seks stemmer valde juryen romanen til den beste i 2011.

Du kan lese meir om saken på NRK.no.
Bokomtale av "Gjennom natten".

Stig Sæterbakken

17. jan. 2012

Filmen frå Grotli - "Into the White"

Har premiere 9. mars
Filmen, som lengje hadde arbeidstittelen "Comrade" - men som no skal heite "Into the White", har premiere 9. mars.

27. april 1940
Høgt over fjella vest for Skjåk kjempar to fly ein kamp på liv og død. Begge styrtar. To engelske og tre tyske soldatar overlever nødlandinga og søkjer tilfeldigvis ly i samme hytte. Dei er fiendar, men må samarbeide for å overleve.

Her kan du sjå traileren frå krigsdramaet på Grotli.Filmen har fleire store skodespelarar på rollelista. Blant andre Harry Potter-stjerna Rubert Grint. Han speler bestevennen til Harry Potter, Ron Weasley.


Sjå godt etter - kanskje får du auge på ein av statistane frå Skjåk :)

Les meir på FILMWEB.


14. jan. 2012

Magnhild Bruheim på topp

Topp 3 kjem frå Nord-Gudbrandsdalen
Med bøkene "På flukt" og  "Det som ein gong var" ligg Magnhild Bruheim frå Skjåk på utlånstoppen for 2011 i Skjåk. Magnhild Bruheim har skrive fleire bøker for både ungdom og vaksne.

Ti på topp - vaksne
Boka til Ragnhild Kolden ligg som nr 2, mens krimboka til Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden, begge frå Lom, ligg som nr. 3.


Ti på topp - barn/ungdom
Magnhild Bruheim toppar lista for barn og ungdom. Bøkene til Jørn Jensen er populære, han er representert med heile 7 bøker.


9. jan. 2012

Nye bøker

      

Utstillinga "Mennesket i aktivitet"

På Skjåk folkebibliotek

Kom å sjå den flotte utstillinga som elevar i 8. klasse ved Skjåk ungdomsskule har laga. Utstillinga heiter "Mennesket i aktivitet".



Her er det stor aktivitet!